Statens reindriftsforvaltning
Statens reindriftsforvaltning | |||
Forkorting | SRF | ||
---|---|---|---|
Type | Forvaltingsorgan | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Opphøyrt | 1. juli 2014 | ||
Reindriftssjef | Ola Chr. Rygh[1] | ||
Hovudkontor | Alta | ||
Lokale ledd | 6 lokalkontor[2] | ||
Eigar | Landbruks- og matdepartementet | ||
Tilsette | 55 (2013)[3] | ||
Nettside | www.reindrift.no |
Statens reindriftsforvaltning (SRF) var ein norsk statleg etat som hadde ansvar for spørsmål om reindrift, arealforvalting, ressursovervaking, vedlikehald av grensegjerde og drift av Statens Fjellstuer i Finnmark.
Reindriftsforvaltinga var sekretariat og saksutredar for Reindriftsstyret. Etaten var underlagt Landbruks- og matdepartementet. Opphavleg blei han skipa som «Lappevesenet».[4]
1. juli 2014 blei Statens reindriftsforvaltning slått saman med Statens landbruksforvaltning til Landbruksdirektoratet.[5]
Reindriftsforvaltinga i Noreg var underlagt landbruksdepartementet. Reindriftsstyret var fagleg rådgjevar for den sentrale reindriftsadministrasjonen, reinforskinga og rettleiingstenesta i reindrifta. Reindriftsstyret hadde medlemmer oppnemnde av Kongen og av Sametinget.
I Noreg skal det vere om omkring 200.000 tamrein. Samisk tamreindrift vert drive i dei samiske områda i Noreg. Frå 1.1.2014 forvalta Landbruksdepartementet reindrifta i Noreg gjennom fylkesmannen.[6]
Reinbeitedistrikt og driftseiningar
[endre | endre wikiteksten]Landet er delt i fem reinbeiteopmråde:
- Øst-Finnmark reinbeiteområde
- Vest-Finnmark reinbeiteområde
- Troms reinbeiteområde
- Nordland reinbeiteområde
- Nord-Trøndelag reinbeiteområde
- Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde.
Kvart reinbeiteområde er delt inn i reinbeitedistrikt. Ordninga med inndeling i distrikt vart etablert på slutten av 1800-talet. Ved utgangen av driftsåret 2005/06 var det totalt 82 reinbeitedistrikt i Noreg, fordelt på 72 sommar- og heilårsbeitedistrikt og 10 distrikt for vår-/haust- og vinterbeite for norsk reindrift eller som område for svensk reindrift.
Kvart reinbeitedistrikt er delt inn i fleire driftseiningar. Driftseiningane har løyve til å beite med eit visst antal rein innanfor distriktet sitt beiteland.
Driftseiningane som omgrep har ikkje rot i tradisjonell samisk reindrift. Her har siidaene vore den tradisjonelle eininga. Innanfor kvart distrikt driv samane reindrift i ein eller fleire siidaer eller driftsgrupper. Siidastrukturen kan variere noko mellom åra. Dei siste åra har det totalt vore rundt 110 sommersiidaer og rundt 150 vintersiidaer i Noreg.
Siidaene omfattar éin eller fleire driftseiningar. Innanfor kvar driftseining er det som oftast fleire reineigarar med kvart sitt reinmerke. Det var totalt 578 driftseiningar og 2 850 reineigarar i den norske reindriftsnæringa per 31. mars 2005. Finnmark har med 417 driftsenheter og vel 2.100 reineigarar hovudtyngda av reindrifta i Noreg.
Samisk reindrift, reindrift med grunneigarrett og villrein
[endre | endre wikiteksten]Samane kan drive reindrift på om lag 40 % av landarealet i Noreg, på eit område frå Finnmark i nord til Engerdal i Hedmark i sør. Det er òg samisk reindrift i Trollheimen. I fjellområda i Sør-Noreg, sør for dei samiske områda, er det tamreinlag som driv reindrift basert på leigeavtalar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ regjeringen.no Ny direktør for Statens reindriftsforvaltning konstituert 24.05.2013
- ↑ Adresser og ansatte
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
- ↑ Reindriftsforvaltningens endringshistorie, arkivert frå originalen 27. februar 2019, henta 27. februar 2019
- ↑ Nyhet fra SRF
- ↑ Endringer i reindriftslova
- Ot.prp. nr. 25 (2006-2007) Om lov om reindrift
- Delar av denne artikkelen bygger på «Statens reindriftsforvaltning» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2019.