Referanseområde
Denne artikkelen tek for seg «referanseområde» som omgrep for medisinske blodprøvar.
Med referanseområde for eit prøvesvar, meiner vi det svarintervallet som 95 % av den friske befolkninga kjem innanfor.
Dette vil seie at sjølv mellom friske personar vil 1 av 20 personar hamne utanfor referanseområdet, utan at dette vil seie at personen er sjuk. På same måte kan ein sjuk person hamne innanfor referanseområdet.
Det er vanskeleg å oppgje universelle referanseområde for ulike testar, fordi desse vil variere mellom ulike metodar ved ulike laboratorie. Dei fleste sjukehuslaboratorie i Noreg har sine eigne referanseområde som dei bruker. Likevel jobbar ein med å standardisere dei fleste metodane så referanseområda ved ulike laboratorie skal verte mest mogleg like.