Hopp til innhald

Python

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Python


UtviklarPython Software Foundation, Guido van Rossum
Utgjeve20. februar 1991[1]
Nyaste versjon3.13.0 (7. oktober 2024)[2][3][4]
Operativsystemmultiplattform
Skriven iPython, C
Typeprogramvareutvikling, berekningsvitskap, maskinlæring, dataanalyse, programmering, webutvikling
LisensPython Software Foundation-lisens
Nettstadhttps://www.python.org/

Python er eit objektorientert programmeringsspråk starta av Guido van Rossum i 1989. Van Rossum valde namnet «Python» fordi han er fan av Monty Python, og fordi han meiner at programmering skal vera artig.

Python var opphavleg eit scriptspråk for Amoeba OS for å laga systemendringar. Perl, Ruby, Tcl, Scheme og tildels Java vert ofte set på som alternativ til Python. Python er utvikla som ei fri programvare-prosjekt.

Python har ein lettlest og klår syntaks. I Python vert koden delt opp etter innrykk, ikkje etter spesialtegn som t.d. }. Dette er trekk ved programmeringsspråket som skal gjera det lettare og raskare å skriva program. Mange ser på Python som ein nyare, men strengare og meir strigla versjon av Perl.

Objekt-orientert programmering

[endre | endre wikiteksten]

Python er eit objektorientert språk, og tillèt til dømes polymorfisme. I motsetnad til i mange andre objektorienterte språk, som til dømes Java og Smalltalk, er det likevel fullt mogleg å skriva eit prosedyre-drive program.

  1. «History and License - Python documentation». Henta 19. august 2016. 
  2. «Python 3.13 released» (på engelsk). 7. oktober 2024. Henta 7. oktober 2024. 
  3. «Python 3.13.0 (final) released» (på engelsk). 7. oktober 2024. Henta 8. oktober 2024. 
  4. «Python 3.13 Debuts With New Interactive Interpreter & Experimental JIT» (på engelsk). 7. oktober 2024. Henta 8. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Python