Potsjep
Potsjep Почеп | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Brjansk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1457 1919 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
17 105 | |
Koordinatar | 52°56′00″N 33°27′00″E / 52.93333°N 33.45000°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 243400 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 48345 |
Potsjep (russisk Почеп) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sørvest for Brjansk.
Potsejp vart grunnlagd i 1457 og vart nemnt som ein viktig by i Storhertugdømet Litauen. Han kom under Storfyrstedømet Moskva i 1503 og var lite viktig til rundt 1710, då hetman Ivan Skoropadskyj gav han til Fyrst Mensjikov. Sistnemnde grunnla fortet Aleksandropolis i nærleiken og starta produksjon av segl til russiske skip i Potsjep.
Industrien gjekk tilbake etter Mensjikov fall og byen stagnerte til 1750, då han kom inn under ein annan hetman, Kirill Razumovskyj, som planla å bygge sommerresidensen sin der. Det einaste minnet om desse planane er den vakre Gjenoppstandelseskyrkje, bygt i barokkstil av Antonio Rinaldi på 1750-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Potsjep» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.