Popkorn
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/09/Popcorn02.jpg/220px-Popcorn02.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/eb/Grains_mais.jpg/220px-Grains_mais.jpg)
Popkorn (frå engelsk popcorn) er ein matrett laga av rista maiskorn[1] (corn er den USA-amerikanske nemninga for mais). Retten vert laga ved at korn frå puffmais (Zea mays var. microsperma) vert varma i matolje i ei gryte, eller i ein mikrobølgjeomn. Maiskorna har eit tjukt, hardt skal, men inni dei er det stivelsesrikt materiale og litt vatn. Når kornet vert varma opp, går vatnet inne i det over til damp, som får kornet til å vida seg ut til det sprekk, samstundes som stivelsen vert gjort om til skum som størknar i varmen. Somme typar mais passer betre til å lage popkorn av enn andre.
Popkorn er ei gamal oppfinning, laga av folket i Amerika allereie for mange tusen år sidan.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Popcorn» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. mai 2015.