Hopp til innhald

Pietro Filippo Scarlatti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pietro Filippo Scarlatti
Fødd5. januar 1679
FødestadRoma
Død22. februar 1750 (71 år)
DødsstadNapoli
Sjangeropera
Instrumentpipeorgel, orgel
Verka somkomponist, organist
FarAlessandro Scarlatti

Pietro Filippo Scarlatti (5. januar 167922. februar 1750) var ein italiensk komponist, organist og korleiar.

Scarlatti var den førstefødde sonen til komponisten Alessandro Scarlatti. Også den seks år yngre broren hans Domenico blei komponist. Pietro Filippo starta den musikalske karrieren sin i 1705 som korleiar ved domkyrkja i Urbino. Faren henta han tilbake til Napoli i 1708, der han blei organist ved det kongelege hoffet.

I 1728 skreiv Scarlatti den einaste operaen som er kjend etter han, Clitarco, som bleki uroppført i Teatro San Bartolomeo i Napoli. Partituret er gått tapt. Andre hovudverk som kan nemnast er tre kantatar og ein rekkje toccataer for klaver eller orgel.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]