Peter Ascanius
Utsjånad
Peter Ascanius | |||
| |||
Fødd | 24. mai 1723 Aure kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 4. juni 1803 København | ||
Nasjonalitet | Danmark-Noreg | ||
Område | biolog | ||
Yrke | biolog, geolog, zoolog | ||
Institusjonar | Københavns Universitet | ||
Alma mater | Uppsala universitet | ||
Medlem | Royal Society Linnés lärjungar |
Peter Ascanius (fødd 1723 i Aure, daud 1803) var ein norsk naturforskar. Han var elev av Carl von Linné. Frå 1759 til 1771 var han professor i zoologi og mineralogi ved det nystifta Natural- og Husholdningskabinet på Charlottenborg i København. Frå 1771 til 1776 var han oberbergamtassessor og leiar av Bergseminaret på Kongsberg. Han var berghauptmann nordafjells frå 1776 til 1788.
Ascanius gav mellom anna ut Icones rerum naturalium, eit stort biletverk, derav 5. hefte utkom 1805, etter han døydde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Peter Ascanius». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 10. februar 2014.