Per Hansson
Per Hansson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juli 1922 Kragerø |
Død | |
Yrke | journalist, skribent |
Språk | norsk |
Per Hansson på Commons |
Per Hansson (24. juli 1922–12. juni 1982)[1] var ein norsk journalist og forfattar. Han skreiv ei rekkje bøker om andre verdskrigen og den norske motstandskampen.
Per Hansson starta som skribent i avisa Vestmar i fødebyen Kragerø. Seinare kom han til andre aviser, dels som journalist, dels med redaktøransvar, inntil han i 1957 byrja i Dagbladet.
I 1962 trefte Hansson Helge Morset, og igjennom han fekk han høyre om dei lidingane familien til Peder Morset vart utsett for under krigen. Resultatet vart boka Og tok de enn vårt liv, den første av ei rekkje halvdokumentariske forteljingar som alle kom til å få eit stort publikum. I 1965 kom Det største spillet, den av bøkene hans som fekk størst utbreiing, med utgjevingar i 10 land. Boka vart òg filma.
Kragerø kommune heidra bysbarnet Per Hansson i 2005 ved å gje plassen framfor rådhuset namnet «Per Hanssons plass».
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Og tok de enn vårt liv (1963)
- Det største spillet (1965)
- Hver tiende mann måtte dø (1967)
- Hvem var Henry Rinnan? (1972)
- Mamma Karasjok (1971)
- Pantheos: en hypermoderne, gresk tragedie (1971)
- Herr Gummistrikk og vesle Henriette (1974)
- Oktober 1941 (1976)
- Den siste veien: Ola Smedsgaard (1978)
- Den farlige våren, skriven saman med Johan O. Jensen (1983)
Priser og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Gyldendals legat (1967)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Per Hansson» frå Wikipedia på bokmål, den 6. februar 2013.