Peder Eiesland
Peder Eiesland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. desember 1840 Fjotland |
Død |
3. mai 1929 (88 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Moderate Venstre |
Religion | kristendom |
Peder Tobias Eiesland (16. desember 1840–3. mai 1929)[1] var ein norsk prest og stortingsmann frå Fjotland i Vest-Agder. På Stortinget representerte han Moderate Venstre 1889-91 og Venstre 1895-1900. Johannes Steen var svigerfar hans.
Eiesland var son til Torborg Lindeland og gardbrukaren Gunnuf Eiesland.[2] Han var omgangsskulehaldar 1858-59 og gjekk deretter på Holt seminar. Etter at han vart seminarist i 1860, dreiv han 1860-61 privatskule for vaksne heime i Fjotland. Etter eit år som skulelærar i Grimstad reiste Eiesland til hovudstaden og var lærar ved ulike skular der, samstundes som han studerte. Han vart student i 1870 og cand. theol. i 1877.
Åra 1879-82 var han hjelpeprest og seinare kapellan ved domkyrkja i Stavanger. Frå 1883 var han stiftskapellan i Bergens stift. I 1886 fekk han stilling som sokneprest i heimbygda Fjotland. Frå 1900 til 1919 var han Voss sin sokneprest.
Eiesland representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1889-91 og 1895-1900. Han var 1889-91 medlem av konstitusjonskomiteen, 1895-97 av vegkomiteen og 1898-1900 av Lagtinget og kyrkjekomiteen. I debatten i Stortinget om røysterett for kvinner i juni 1890 tala han kraftig for å gje også kvinner røysterett.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914