Parrykanalen
Parrykanalen er eit sund og ei skipslei som går aust-vest gjennom øyane i det kanadiske Arktis. Kanalen skil Elisabetøyane i nord frå resten av Nunavut. Han tek til i Baffinbukta ved Lancastersundet, går vidare gjennom det tronge Barrowsundet inn i det opnare Melvillesundet, og etter å ha passert gjennom McCluresundet munnar kanalen så ut i Beauforthavet. Pakkisen i McCluresundet gjer det mykje godt umogleg å sigle gjennom Parrykanalen, og tvingar båtar til å gå gjennom Nordvestpassasjen langt lenger sør.
Dei strake, parallelle kystlinjene og den store djupna funnen i Parrykanalen viser at store bergplater har kollidert ein gong i jordas oldtid. Kanalen dannar geologisk skiljelinje mellom dei prekambriske berglaga på det kanadiske fastlandet i sør, og dei sedimentarære bergartane som danna dei arktiske øyane i nord.
Kanalen er oppkalla etter oppdagaren William Parry.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Parry Channel» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.