Otto Ruberg
Otto Ruberg | |||
Fødd | 21. mai 1866 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. august 1939 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Otto Ruberg (21. mai 1866–august 1939) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Brevik i Telemark. Han var medlem av Venstre.
Ruberg var son til ein skipper. Sjølv gjekk han borgarskulen i heimbyen, før han 15 år gammal vart tilsett i forretninga til kjøpmann Even Larsen. I 1885 vart han fullmektig i forretninga, og då Larsen døydde i 1898 tok han over forretninga. I tillegg dreiv han som skipsreiar og agent for reiarlag.
Ruberg var medlem av bystyret i Brevik frå 1899, også av formannskapet. Han hadde fleire sentral verv i styringa av byen og ulike samfunnsinstitusjonar, så som sparebanken. Perioden 1906-09 var han Brevik sin representant på Stortinget, medlem av konstitusjonskomiteen. Dei to valbolkane 1910-12 og 1913-15 var han stortingsvaramann for krinsen Brevik og Holmestrand. Han møtte i 1911 frå 23.juni i staden for Rikard Olsen. Også i 1914 kom han inn for Olsen på slutten av sesjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914