Ottar
Utsjånad
Ottar eller Otter er eit mannsnamn som stammar frå norrøn tid. Namnet tyder ein som inngjev frykt, og blei truleg gjeve til gutebarn ein ønskte skulle veksa opp til å bli barske menn. Namnet var særleg brukt i Noreg mellom 1900 og 1920. I dag (2005) er det rundt 2.000 som heiter Ottar i Noreg, og berre fem som heiter Otter.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ottar frå Hålogaland, oppdagar og reiseskildrar i vikingtida
- Ottar Vendilkråke
- Ottar Brox (f. 1932), norsk politikar (SV)
- Ottar Befring (f. 1939), fylkesmann i Møre og Romsdal
- Ottar Kaldhol (f. 1946), norsk statsråd (Ap)
- Ottar Starheim (f. 1946), norsk lokalhistorikar
- Ottar Rekkedal (f. 1948), norsk lækjar og målmann
- Ottar Grepstad (f. 1953), målmann
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Utanfor Wikipedia
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Ottar hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Otter hjå Statistisk Sentralbyrå