Oscar Mørch
Utsjånad
Oscar Mørch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juni 1845 Kristiansand kommune |
Død |
4. september 1897 (52 år) |
Yrke | embetsmann |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Oscar Mørch (24. juni 1845–4. september 1897) var ein norsk embetsmann og stortingsmann for Høgre. Ole Mørch var farfaren hans.
Mørch var frå Kristiansand, der far hans var prokurator. Sjølv vart han student i 1862 og cand. jur. i 1867. Han var så byråsjef i Kyrkjedepartementet, ekspedisjonssjef frå 1886 i same. År 1890 vart han utnemnd til amtmann i Hedemarkens amt, eit embete han hadde til han døydde.
Perioden 1895-97 var Mørch stortingsrepresentant for valkrinsen Lillehammer, Hamar og Gjøvik. Han var medlem av Lagtinget og jarnbanekomiteen. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1897-sesjonen.
Han døydde hausten 1897 i Kristiania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914