Old Ways
Old Ways Studioalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. august 1985 | |
Innspelt | Januar 1983 - april 1985 | |
Studio | House Of David i Nashville; The Castle i Franklin; Pedernales Recording Studio i Spicewood og konsertopptak frå The Opry i Austin | |
Sjanger | Country, countryrock | |
Lengd | 36:43 | |
Selskap | Geffen | |
Produsent | Neil Young, David Briggs, Ben Keith, Elliot Mazer | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Everybody's Rockin' (1983) |
Old Ways | Landing on Water (1986)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Rolling Stone | (positiv)[3] |
Kerrang! | [4] |
Old Ways er eit countryalbum av Neil Young som kom ut i 12. august 1985 på Geffen Records.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Young kalla ofte dette albumet Old Ways II, sidan han opphavleg planla å gje ut eit countryalbum kalla Old Ways i 1983. Geffen avslo albumet og bad Young i staden lage eit «rock 'n roll»-album, noko Young gav dei i form av rockabilly-albumet Everybody's Rockin'. Old Ways I inneheldt fleire songar som ikkje vart gjevne ut før seinare, som «Depression Blues», som kom ut på samleplata Lucky Thirteen.
Young lente seg mykje mot venene sine, særleg på vokalen, og Waylon Jennings syng harmonivokal på seks av ti songar, og ein av dei andre er ein duett med Willie Nelson.
Tittelsporet og «Get Back to the Country» vart gjevne ut på singlar med tilhøyrande musikkvideoar, men som dei førre videoane hans, vart dei stort sett ignorerte av MTV. Albumet vr nær ein kommersiell og kritisk fiasko og er eit av albuma til Young som har seld dårlegast så langt. Allmusic skreiv om albumet at det ikkje er eit stort Neil Young-album, og då det kom ut så framandgjorde han seg ytterlegare frå tilhengjarane, men at det likevel har sine augneblink.[5] Trass i dårleg mottaking, turnerte han med Old Ways og spelte songar frå albumet i lag med eldre songar. Young fekk mykje meir merksemd for gjenforeininga med David Crosby, Stephen Stills og Graham Nash på Live Aid for den første framføringa til kvartetten på eit tiår.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Wayward Wind» (Herb Newman, Stan Lebowsky) | 3:12 |
2. | «Get Back to the Country» | 2:50 |
3. | «Are There Any More Real Cowboys?» | 3:03 |
4. | «Once an Angel» | 3:55 |
5. | «Misfits» | 5:07 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «California Sunset» | 2:56 |
7. | «Old Ways» | 3:08 |
8. | «My Boy» | 3:37 |
9. | «Bound for Glory» | 5:48 |
10. | «Where Is the Highway Tonight?» | 3:02 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Neil Young: gitar, banjo-gitar, munnspel, vokal
- Waylon Jennings gitar, vokal
- Willie Nelson gitar, vokal
- Rufus Thibodeaux fele
- Ben Keith pedalsteelgitar, dobro
- Tim Drummond bass
- Karl Himmel: trommer
- Joe Allen: bass
- Ralph Mooney: pedalsteelgitar
- Hargus "Pig" Robbins piano
- Gordon Terry fele
- Joe Osborn bass
- Anthony Crawford: mandolin, vokal
- Terry McMillan munnspel, munnharpe
- Béla Fleck banjo
- Bobby Thompson: banjo
- David Kirby: gitar
- Grant Boatwright: gitar
- Johnny Christopher: gitar
- Ray Edenton: gitar
- Gove Scrivenor autoharpe
- Farrell Morris: perkusjon
- Marty Stuart mandolin
- Carl Gorodetzky: fiolin
- Spooner Oldham piano
- Larry Byrom: vokal
- Rick Palombi: vokal
- Doana Cooper: vokal
- Denise Draper: vokal
- Gail Davies vokal
- Betsy Hammer: vokal
- Pam Rose: vokal
- Janis Oliver-Gill: vokal
- Mary Ann Kennedy: vokal
- Kristine Oliver-Arnold: vokal
- Leona Williams: vokal
- Strykarar:
- Carl Gorodetsky, leiar
- George Binkley
- John Borg
- Roy Christensen
- Virginia Christensen
- Charles Everett
- Larry Harvin
- Mark Hembree
- Lee Larrison
- Betty McDonald
- Dennis Molchan
- Pamela Sixfin
- Mark Tanner
- David Vanderkooi
- Gary Vanosdale
- Carol Walker
- Stephanie Woolf
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Top Albums | 31 |
U.S. Billboard 200 | 75 |
U.S. Billboard Top Country Albums | 24 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Old Ways» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2010.
- ↑ Ruhlmann, William. «Neil Young Old Ways review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 2. mars 2019.
- ↑ Christgau, Robert (1987). «Neil Young 'Old Ways' review». Robert Christgau. Henta 2. mars 2019.
- ↑ «Neil Young Old Ways». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. august 2007. Henta 2. mars 2019.
- ↑ Johnson, Howard (17. oktober 1985). «Neil Young 'Old Ways'». Kerrang! 105. London, UK: Morgan Grampian. s. 20.
- ↑ Old Ways på Allmusic