Hopp til innhald

Oddvar J. Majala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddvar J. Majala
Fødd9. mars 1932
Måsøy kommune
Død3. mars 2022 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Oddvar Johansen Majala (9. mars 19323. mars 2022) var ein norsk fiskebåtreiar og politikar frå Måsøy i Finnmark. Han representerte Finnmark og ArbeidarpartietStortinget i tida 1981-89.

Majala var son til ein fiskar. Sjølv gjekk han handelsskule i 1949 og tok i 1953 kystskippereksamen. Sidan var han notbas og fiskeskipper, heilt opp til 1980. Frå 1960 eigde han sjølv fiskebåt, som i hovudsak dreiv fiske etter sild og lodde. Han var aktiv fiskebåtreiar til 2002. Gjennom desse fire tiåra var han elles innom forretningsdrift 1970-75 og han var fabrikkeigar 1980-86.

Frå siste halvdelen av 1960-åra hadde Majala ein framskoten plass i fiskerinæringa. Han var styremedlem 1968-76 i Noregs Sildesalslag, 1970-81 i Notfiskarsamskipnaden, og landsstyremedlem 1973-82 i Norges Fiskarlag. Dessutan var han 1977-82 medlem i Utvalet til handsaming av reguleringssaker i fiskeria, 1978-80 i den norske delegasjonen som forhandla med Island om forvaltinga av havområda ved Jan Mayen.

Valbolken 1976-79 var Majala varaordførar i Måsøy kommune, vald for Arbeidarpartiet. Deretter var han ordførar i Måsøy 1980-81. Hausten 1981 vart han vald til stortingsrepresentant frå Finnmark, attvald i 1985. Gjennom åtte år på Stortinget var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Etter han forlet Stortinget i 1989 vart han vald til fylkestingsrepresentant i Finnmark for perioden 1991-95.