Hopp til innhald

Oddlaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oddlaug er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Namnedelane kjem frå oddr, 'odd, spiss, spyd', medan -laug truleg er liugan, 'lova ved eid'. Oddlaug har namnedag den 23. mai

I 2009 var det 970 norske kvinner som heitte Oddlaug. Namnet var mest brukt først på 1900-talet. Bruken hadde ein topp på 1920-talet, då over 0,20 % av nyfødde jenter fekk namnet nokre år.