Oddbjørg
Utsjånad
Oddbjørg er eit kvinnenamn, av norrønt Oddbjǫrg, av Oddr 'odd' og bjǫrg, 'berging, vern'. Ei sideform av namnet er Oddborg.
Oddbjørg har i Noreg namnedag 16. desember.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet Oddbjørg har aldri vore mykje utbreidd i Noreg, men det hadde eit oppsving i første halvdelen av 1900-talet..
- I folketeljinga frå 1801 var det 23 som hadde namnet i formene aadbiør, odbiør, odbiørg, odbør, udbiør, udbiørg, ødbiørg
- I 1900 var vel 50 personar som var listeførte med namneformene aadbjørg, aadbør, odbjør, odbjørg, oddbjørg, udbjør, udbjørg
- I 2008 har nær 1940 personar Od(d)bjørg til første fornamn
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Oddbjørg Ausdal Starrfelt, norsk politikar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Oddbjørg hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991