Norsk kulturråd
Utsjånad
Norsk kulturråd er ein norsk statsinstitusjon oppretta i 1965 etter stortingsvedtak i 1964. Norsk kulturråd forvaltar Norsk kulturfond og oppgåver delegert frå Kulturdepartementet.
Rådet skal forvalte Norsk kulturfond og etter søknad fordele økonomiske middel til kulturformål, ut frå det faglege og kunstnariske skjønnet til medlemmane og prioriteringar gjort av Stortinget. Vidare er Kulturrådet rådgjevande organ for det offentlege i kulturspørsmål.
Rådet delar ut Norsk kulturråds ærespris.