Norsk Folkeparti
Norsk Folkeparti | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Oddbjørn Jonstad | ||
Grunnlagt | 1999 | ||
Ideologi | nasjonalkonservatisme | ||
Politisk posisjon | høgresida |
Norsk Folkeparti var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 2001. Leiaren var Oddbjørn Jonstad, som i 1999 vart ekskludert frå Framstegspartiet etter å ha foreslått at det burde opprettast eigne statlege leirar for flyktningar og asylsøkjarar, og at flyktningborn skulle nektast å gå på norske skular.[1] Norsk Folkeparti stilte til val i alle fylke i 2001 og Jonstad var toppkandidat i alle fylka.[2] I løpet av valkampen vart partiet meldt til politiet av Antirasistisk Senter for å ha skrive på nettsidene sine at «90 % av alle kvinner på krisesentrene er kvinner som er blitt banket opp av sine muslimske ektemenn.»[3] Saka vart seinare bortlagd.
Ved valet fekk partiet til saman 1 609 røyster, eller 0,06 % av røystene på landsbasis. I 2002 vart partiet splitta: Jonstad vart kasta som leiar og partiet skifta samstundes namn til Nasjonalalliansen, men Jonstad heldt fram som leiar av det som var igjen av Norsk Folkeparti.[4] I 2003, medan han framleis var registrert som leiar av Norsk Folkeparti, stilte han til val for Demokratene ved kommunevalet.