Nord-Gudbrandsdal prosti
61°48′6″N 9°33′10″E / 61.80167°N 9.55278°E
Nord-Gudbrandsdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Sel, Skjåk og Vågå i Oppland (Innlandet fylke). Prosten har sete i Sel.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Prostiet vart skipa i 1871 og bestod då av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå som var skilde ut frå Gudbrandsdalen prosti.[1]
Tidslinje
[endre | endre wikiteksten]- 1871 - Oppretta ved deling av Gudbrandsdalen prosti. Bestod av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå.[1]
- 1910 - Sel skilt ut frå Vågå som eige prestegjeld.[1]
- 1922 - Sel prestegjeld vart ført over til Midtre Gudbrandsdal prosti.[1]
- 1972 - Sel prestegjeld og Nord-Fron prestegjeld overført til Nord-Gudbrandsdal frå Midtre Gudbrandsdal prosti (som vart lagt ned).[1][2]
- 2004 - Utfasing av prestegjeldsordninga tek til.
Sokn
[endre | endre wikiteksten]Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Bøverdalen sokn | Bøverdal kyrkje | Lom |
Dombås sokn | Dombås kyrkje Eysteinkyrkja |
Dovre |
Dovre sokn | Dovre kyrkje | Dovre |
Garmo sokn | Garmo kyrkje | Lom |
Heidal sokn | Heidal kyrkje | Sel |
Kvam sokn | Kvam kyrkje | Nord-Fron |
Kvikne sokn | Kvikne kyrkje | Nord-Fron |
Lesja sokn | Lesja kyrkje | Lesja |
Lesjaskog sokn | Lesjaskog kyrkje Lesjaverk kyrkje |
Lesja |
Lom sokn | Lom stavkyrkje | Lom |
Nordberg sokn | Nordberg kyrkje | Skjåk |
Nord-Sel sokn | Nord-Sel kyrkje | Sel |
Sel sokn | Sel kyrkje Sjoa kapell |
Sel |
Skjåk sokn | Skjåk kyrkje | Skjåk |
Skåbu sokn | Skåbu kyrkje | Nord-Fron |
Sødorp sokn | Sødorp kyrkje Sødorp kapell |
Nord-Fron |
Vågå sokn | Vågå kyrkje | Vågå |
Prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Prestetensta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Gudbrandsdal prosti desse prestegjelda:
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 ««Nord-Gudbrandsdal prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 13. mars 2014.
- ↑ ««Forskrift om sammenslåing av prostier, Midtre Gudbrandsdal prosti, Sør Gudbrandsdal prosti, Hedmark.»». lovdata.no. 25. juni 1971.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Nord-Gudbrandsdal prosti på nettstaden til Den norske kyrkja