Noguera Pallaresa
Utsjånad
Noguera Pallaresa | |||
elv | |||
Camarasareservoaret i Noguera Pallaresa
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Lengd | 154 km | ||
Middelvassføring | 37,1 m³/s | ||
Kjelde | Naut Aran | ||
• høgd | 1 860 moh. | ||
Munning | Segre | ||
Noguera Pallaresa 41°54′23″N 0°53′24″E / 41.9064°N 0.8901°E | |||
Wikimedia Commons: Noguera Pallaresa |
Noguera Pallaresa er ei elv i Catalonia i Spania. Ho har utspring ved Era Font d'era Noguereta i kommunen Naut Aran (Arandalen) om lag 1860 meter over havet, og berre nokre hundre meter frå kjelda til Garonne. Medan Garonne renn mot Atlanterhavet, renn Noguera Pallaresa mot Segre og munnar ut i denne elva frå høgre like før Camarasareservoaret (Noguera), og hamnar til slutt i Middelhavet. Noguera Pallaresa er demd opp fleire plassar, mellom anna Talarndammen og dei største reservoara er La Torassa (mellom Esterri d'Àneu og La Guingueta d'Àneu i Pallars Sobirà), Sant Antoni (oppfor Talarn i Pallars Jussà), Terradets (i kommunen Àger i Noguera) og Camarasa (like før samløpet med Segre).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Noguera Pallaresa» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2009.