Hopp til innhald

Nehrung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kuriske neset er ein nehrung

Nehrung (frå tysk) er ein låg, langstrakt sandtange som avgrensar ein haff. Dei vert danna i le av oddar og nes eller andre framspring langs kysten som er utsett for erosjonspåverknad av bølgjer og dønningar, ein prosess kalla abrasjon. Det vert ofte danna sanddyner på ein nehrung som medverkar til å auke høgda på dei.