Nefelin
Utsjånad
Nefelin | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral | ||
Kjemisk formel | (Na,K)AlSiO4 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 146,08 | ||
Farge | Kvit, grå, brun, brunaktig grå, raudaktig kvit | ||
Krystallform | Massiv korna til prismatisk | ||
Krystallsystem | Heksagonal Romgruppe: P 63 | ||
Tvilling | På [1010], [3365] og [1122] | ||
Kløyv | [1010] dårleg | ||
Brot | Undermuslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6 | ||
Glans | glasaktig - feittete | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Spesifikk vekt | 2,55–2,65, snitt = 2,59 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1,529–1,546 nε = 1,526–1,542 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,003 - 0,004 | ||
Andre eigenskapar | ikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, ikkje-fluorescerande | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Nefelin, tidlegare kalla elæolitt, er eit vanlegvis grått til raudleg mineral med glas- til feittaktig glans, utan spalteretningar. Mineralet består av natrium-aluminiumsilikat, NaAlSiO4, med ein del kalium som erstattar natrium. Det er eit feltspatoid-mineral som blir danna i silikafattige bergartar (nefelinsyenitt, fonolitt). Nefelin vert omdanna forholdsvis lett til ulike zeolittar ved påverknad av hydrotermale løysingar.
Det finst i Noreg til dømes i bergarten lardalitt nord for Larvik og i pegmatittgangar ved Langesundsfjorden og på Stjernøya i Finnmark. Nefelin er eit viktig råstoff i glas- og porselensindustrien med nefelinsyenitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nefelin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/nefelin.