Hopp til innhald

Mystery Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mystery Girl
Studioalbum av Roy Orbison
Språk engelsk
Utgjeve 7. februar 1989
Innspelt October - November 1988
Sjanger Rockabilly, countryrock
Lengd 38:17
Selskap Virgin
Produsent Roy Orbison, Mike Campbell, Jeff Lynne, T-Bone Burnett, Barbara Orbison, Bono
Roy Orbison-kronologi 
In Dreams: The Greatest Hits
(1987)
Mystery Girl A Black & White Night Live
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Chicago Tribune(positiv)[2]
Deseret News(positiv)[3]
Houston Chronicle4/5 stars[4]
Los Angeles Times3.5/4 stars[5]
The New York Times(positiv)[6]
Robert Christgau(B)[7]
Rolling Stone4/5 stars[treng kjelde]
Q5/5 stars[treng kjelde]

Mystery Girl er det siste studioalbumet til Roy Orbison, gjeve ut posthumt på Virgin i 1989. Albumet vart ein hit verda over og nådde femteplassen på den amerikanske Billboard 200 og andreplassen på den britiske UK Album Chart.[8] I mellom anna Noreg og Sverige gjekk albumet heilt til topps.

Alle songane på albumet vart spelt inn seint i 1988, og vart gjort klar for utgjeving i vekene etter Orbison døydde med hjelp av vener og beundrarar. Albumet var kalla opp etter refrenget på songen «She's a Mystery to Me», skriven for Orbison av Bono og The Edge frå U2.

I dokumentarfilmen In Dreams: The Roy Orbison Story, fortel Bono om korleis han vakna opp for ein lydsjekk, etter å ha høyrt på filmmusikken til David Lynch-filmen Blue Velvet kvelden før, og han hadde denne melodien i hovudet. Han tenkte det måtte vere ein annan Orbison-song ((«In Dreams» var den einaste Orbison-songen på albumet. Under lydsjekken spelte han songen for dei andre medlemmane i U2, som var samde i at songen høyrtes ut som ein Orbison-song. Kort tid etter møtte bandet Orbison bak scenen på ein av konsertane deira, og han spurte Bono om han ville skrive ein song med eller for han.

Albumet vart gjeve ut posthumt i 1989 og låg inne på salslistene samstundes med eit anna album Orbison medverka på. Traveling Wilburys Vol. 1 vart spelt inn tidlegare i 1988 av supergruppa Traveling Wilburys. Dette gjorde at Roy Orbison i lag med Jim Croce, Elvis Presley og Michael Jackson var dei einaste songarane som samstundes hadde to album inne på topp 5 på Billboardlista posthumt.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)ProdusentarLengd
1.«You Got It»Roy Orbison, Jeff Lynne, Tom PettyJeff Lynne3:30
2.«In the Real World»Richard Kerr, Will JenningsRoy Orbison, Mike Campbell, Barbara Orbison3:44
3.«(All I Can Do Is) Dream You»Billy Burnette, David MalloyT-Bone Burnett3:39
4.«A Love So Beautiful»Roy Orbison, Jeff LynneJeff Lynne3:33
5.«California Blue»Roy Orbison, Jeff Lynne, Tom PettyJeff Lynne3:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)ProdusentarLengd
6.«She's a Mystery to Me»Bono, The EdgeBono4:16
7.«The Comedians»Elvis CostelloT-Bone Burnett3:26
8.«The Only One»Wesley Orbison, Craig WisemanRoy Orbison, Mike Campbell3:55
9.«Windsurfer»Roy Orbison, Bill DeesRoy Orbison, Mike Campbell4:01
10.«Careless Heart»Roy Orbison, Diane Warren, Albert HammondRoy Orbison, Mike Campbell4:08
Bonusspor (2007-utgåva)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)ProdusentarLengd
11.«You May Feel Me Crying»Richard Kerr, Will JenningsBrian Eno[9]4:14

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Plasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Lister (1989) Plassering
Australia - ARIA Album Chart[10] 1
Austerrike[11] 4
Nederlandske Mega Album-lista[12] 1
Tyske Media Control Album-lista[13] 4
Japan - Oricon[14] 89
New Zealand[15] 7
Norske VG-lista[16] 1
Sverige[17] 1
Sveits[18] 3
UK Album Chart [19] 2
USA Billboard 200[20] 5

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1989) Position
Australia[21] 9
Austerrike[22] 29
Canada[23] 8
Nederland[24] 17
Sveitsisk[25] 26
UK Album Chart[26] 51
U.S. Billboard 200[27] 42

  1. Iyengar, Vik. Mystery GirlAllmusic
  2. Silverman, David (2. februar 1989). «Orbison`s `Mystery Girl` Is A Poignant Comeback». chicagotribune.com. Chicago Tribune. Henta 5. mars 2015. 
  3. «ON THE RECORD: LAST ALBUM BY ORBISON WAS A WINNER». deseretnews.com. Deseret News. 10. mars 1989. Henta 5. mars 2015. 
  4. Claypool, Bob (12. februar 1989). «Records». Henta 5. mars 2015. 
  5. Hilburn, Robert (29. januar 1989). «The Album of Winter : Posthumous Roy Orbison release leads the pack». articles.latimes.com. Los Angeles Times. Henta 5. mars 2015. 
  6. Holden, Stephen (8. juli 1997). «THE POP LIFE». nytimes.com. The New York Times. Henta 5. mars 2015. 
  7. «CG: Roy Orbison». Robert Christgau. Henta 5. mars 2015. 
  8. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 408–409. ISBN 1-904994-10-5. 
  9. «Roy Oabison The Soul of Rock and Roll 4-CD box set features 12 unreleased songs». Arkivert frå originalen 9. mars 2012. Henta 5. mars 2015. 
  10. «australian-charts.com Roy Orbison - Mystery Girl». Australian Recording Industry Association. Henta 5. mars 2015. 
  11. «Roy Orbison - Mystery Girl – austriancharts.at» (på tysk). Henta 5. mars 2015. 
  12. «dutchcharts.nl Roy Orbison - Mystery Girl». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 5. mars 2015. 
  13. «Album Search: Roy Orbison - Mystery Girl» (på tysk). Media Control. Henta 5. mars 2015. 
  14. ロイ・オービソン-リリース-ORICON STYLE-ミュージック «Highest position and charting weeks of Mystery Girl by Roy Orbison» Check |url= value (hjelp). oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 5. mars 2015. 
  15. «charts.org.nz — Roy Orbison - Mystery Girl». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 5. november 2012. Henta 5. mars 2015. 
  16. «norwegiancharts.com Roy Orbison - Mystery Girl». VG-lista. Henta 5. mars 2015. 
  17. «swedishcharts.com Roy Orbison - Mystery Girl» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 5. mars 2015. 
  18. «Roy Orbison - Mystery Girl — hitparade.ch» (på tysk). Henta 5. mars 2015. 
  19. «Chart Stats — Roy Orbison — Mystery Girl». UK Album Chart. Henta 5. mars 2015. 
  20. Allmusic - Mystery Girl > Charts & Awards > Billboard Album
  21. «ARIA Charts - End of Year Charts - Top 50 Album 1989». aria.com.au. Australian Recording Industry Association. Henta 5. mars 2015. 
  22. «Austriancharts.at — Jahreshitparade 1989» (på tysk). Hung Medien. Henta 5. mars 2015. 
  23. «RPM Top 100 Album of 1989». RPM. 23. desember 1989. Henta 5. mars 2015. 
  24. «Dutch charts jaaroverzichten 1989» (ASP) (på nederlandsk). Henta 1. mai 2014. 
  25. «Hitparade.ch — Schweizer Jahreshitparade 1989». Swiss Music Charts (på tysk). Hung Medien. Henta 5. mars 2015. 
  26. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 29. april 2014. 
  27. «The Billboard 200 - Year-end: 1989». Arkivert frå originalen 21. juli 2012. Henta 5. mars 2015. 


Føregangar
Ancient Heart
Tanita Tikaram
Toppen av VG-lista
Roy Orbison

3 veker, veke 7–9, 1989
Etterfylgjar
Solregn
Åge Aleksandersen