Mutters
Utsjånad
Mutters er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 19 km² og 2 200 ibuarar. Landsbyen Mutters ligg på eit platå ved inngangen til dalføret Stubaital, 830 meter over havet og 5 km sør om Innsbruck, hovudstaden i Tirol.
Kommunen omfattar landsbyen Mutters og grendene Raitis og Kreith.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mutters» frå Wikipedia på tysk, den 4. mars 2019.