Hopp til innhald

Montebelluna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Negrelli-plassen i Montebelluna

Montebelluna er ein by og ein kommune i provinsen Treviso i Veneto-regionen i Italia, 109 meter over havet. Kommunen har i kring 31 000 ibuarar og har eit areal på 49 km².

Montebelluna er særleg kjend for produksjon av sko og sportsklede. Multinasjonale firma som Geox har hovudkontor i byen, medan Fila har utviklingsavdelinga si på staden.