Hopp til innhald

Misje

Koordinatar: 60°26′58″N 04°57′38″E / 60.44944°N 4.96056°E / 60.44944; 4.96056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Misje
Geografi
Stad Øygarden
Koordinatar 60°26′58″N 04°57′38″E / 60.44944°N 4.96056°E / 60.44944; 4.96056

Høgaste punkt Storhaugen (59 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Misje er ei øy og ein tettstad i Øygarden kommune, nord for Sotra i Vestland fylke. Tettstaden har 320 innbyggjarar per 1. januar 2023. Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. Øya ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden.

Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøyna gjekk Misje inn i Fjell kommune. I 2020 vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune.

Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner.

Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøyna i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje.

På Misje var det barneskule, som er nå lagt ned.[1] Skulekrinsen omfatta Turøyna og Misje. Ved gamle skulen er eit lokalmuseum, Misje museum.[2]

Folketalsutvikling for øya Misje:

1801[3] 1900[4] 2000[5] 2023[5]
14 72 227 330
  1. Bolstad, Jon (20. juni 2013), «Vedtok å leggja ned fire skular», NRK (på norsk bokmål), henta 13. februar 2024 
  2. «Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell» (PDF). oygarden.kommune.no. Henta 13. februar 2024. 
  3. Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet
  5. 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Misje, Anne Karin: BRO -forbindelse eller forbannelse? En studie av sosiale endringer i et lokalmiljø, Semesteroppgave etnologi grunnfag. Universitetet i Bergen 1991. Nettversjon Arkivert 2004-11-24 ved Wayback Machine.
  • Misje, Børge og Turøy, Tore: Misje bygdebok, Straume 2004.
  • Turøy, Tore: Ættesoga Misje, Straume 2001.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]