Melodi Grand Prix 1981
Melodi Grand Prix 1981 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 7. mars 1981 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo | |||
Programleiar | Sverre Kjelsberg | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 10 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Aldri i livet» | |||
Artist | Finn Kalvik | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 1981 | ||||
Finalepoeng | 0 | |||
Finaleplass | 20. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Melodi Grand Prix 1981 var den 21. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte ti komponistar til å sende inn bidrag til finalen 7. mars 1981. Vinnaren blei «Aldri i livet» komponert og framført av Finn Kalvik. Han representerte også Noreg i den internasjonale finalen i Dublin, der songen enda på 20. og siste plass utan poeng. Dette var tredje gong Noreg fekk 0 poeng i tevlinga, og det var Noregs sjette sisteplass.
Sendinga
[endre | endre wikiteksten]Etter suksessen året før, heldt NRK seg til same oppskrift og inviterte ti kjende komponistar til å levere bidrag. Komponistane fekk sjølv velje tekst, arrangør og artist.
Finalen blei igjen halden i Studio 2 på NRK Marienlyst, og denne gong var det vinnaren frå 1980 Sverre Kjelsberg som var programleiar. Dei ti bidraga blei akkompagnerte av Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen.
Også dette året var det ei rekkje kjende namn blant komponistane og artistane, mellom anna Tore Hansen, Terje Rypdal, Halvdan Sivertsen og Tramteatret. Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov debuterte også i Melodi Grand Prix med låten «1984». Treffande nok skulle dei vinne konkurransen nettopp i 1984.
Kjeldsberg framførte låten «I Dublin, i Dublin» i pausen før avstemminga. Ein jury av ni fagfolk røysta fram «Aldri i livet» som klar vinnar i finalen. Nok ein gong brukte NRK datamaskinen «Petra» til å oppdaterte den digitale poengtavla.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Artist | Komponist og tekstforfattar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|
A | «Rock 'n' roller» | Alex | Svein Gundersen/ Bjørn Christiansen og Philip Kruse | 52 | 5 |
B | «Lei mæ hjem» | Unit Five | Tore Hansen | 64 | 2 |
C | «1984» | Dollie | Benedicte Adrian/ Ingrid Bjørnov og Ole A. Sørli og Corbett | 49 | 6 |
D | «Rock 'n' roll» | Berit Nyheim | Ivar Gafseth og J. P. Westerlund | 19 | 10 |
E | «Tanker» | Inger Lise Rypdal | Terje Rypdal og Terje Rypdal/Inger Lise Rypdal | 63 | 3 |
F | «Lorelei» | Eigil Berg | Eigil Berg | 35 | 9 |
G | «Liv laga» | Halvdan Sivertsen | Halvdan Sivertsen | 39 | 7 |
H | «Født på ny» | Darlings | Fred Nøddelund og Sidsel Endresen | 36 | 8 |
I | «Det er vår tur nå» | Tramteatret | Arne Garvang og Liv Aakvik/Terje Nordby | 59 | 4 |
J | «Aldri i livet» | Finn Kalvik | Finn Kalvik | 79 | 1 |
Avstemming
[endre | endre wikiteksten]Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio 4. Kvar jurymedlem rangerte dei ti låtane frå 1 til 10 poeng. Bjørn Jacobsen var juryformann.[1]
Nr. | Tittel | Åsmund Feidje | Turid Pedersen | Halvard Kausland | Bjørn Kruse | Ellen Nikolaysen | Sigurd Jansen | Kari Svendsen | Anita Skorgan | Bjørn Jacobsen | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
A | «Rock 'n' roller» | 4 | 3 | 5 | 7 | 9 | 5 | 4 | 7 | 8 | 52 |
B | «Lei mæ hjem» | 8 | 9 | 2 | 8 | 10 | 6 | 9 | 9 | 3 | 64 |
C | «1984» | 3 | 5 | 8 | 3 | 3 | 4 | 6 | 8 | 9 | 49 |
D | «Rock 'n' roll» | 5 | 1 | 4 | 2 | 1 | 1 | 1 | 2 | 2 | 19 |
E | «Tanker» | 7 | 6 | 10 | 10 | 8 | 7 | 7 | 3 | 5 | 63 |
F | «Lorelei» | 1 | 2 | 3 | 1 | 6 | 2 | 8 | 6 | 6 | 35 |
G | «Liv laga» | 6 | 8 | 1 | 6 | 5 | 3 | 2 | 4 | 4 | 39 |
H | «Født på ny» | 2 | 4 | 9 | 5 | 2 | 9 | 3 | 1 | 1 | 36 |
I | «Det er vår tur nå» | 10 | 7 | 7 | 4 | 4 | 10 | 5 | 5 | 7 | 59 |
J | «Aldri i livet» | 9 | 10 | 6 | 9 | 7 | 8 | 10 | 10 | 10 | 79 |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Det var ei stund uvisst om det i det heile tatt ville bli nokon Melodi Grand Prix-finale dette året. Grunnen var usemje mellom NRK og Norsk Musikerforbund, men partane blei samde innan finalen.[2]
Pressa var skeptisk etter finalen, og Aftenposten meinte vinnermelodien ikkje var iøyrefallande nok til å hevde seg internasjonalt.[3] VG var ikkje mer positiv og slakta sendinga og kalla vinnarlåten «liketil».[4][5] VG spurde òg Melodi Grand Prix-nestor Øivind Bergh om nokre av forventingane hans til Melodi Grand Prix hadde blitt innfridde etter at Noreg debuterte i 1960: «Til en viss grad, en liten grad. Men skal jeg være helt ærlig, så har vel ikke Grand Prix innfridd noe som helst.» svarte Bergh.[6]
I den internasjonale finalen kom «Aldri i livet» på sisteplass og enda med null poeng. Dette var andre gong på fire år at Noreg fekk 0 poeng i Eurovision Song Contest. I Storbritannia spekulerte dei no på om Noreg med vilje gjekk inn for å få null poeng.[7]
Likevel blei «Aldri i livet» ein hit i Noreg, og songen låg på VG-lista i sju veker med ein tredjeplass som beste plassering.[8] Songen blei også brukt i Tines Norvegia-reklame Rømme hjemmefra i 2006.[9]
Det var fjerde året på rad at den siste melodien ut i finalen blei vinnaren.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Melodi Grand Prix 1981 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 7. mars 1981. Besøkt 25. juli 2016.
- ↑ «Uvisst om det blir norsk Grand Prix». Aftenposten. 26. februar 1981. s. 4.
- ↑ Dalland, Sverre (9. mars 1981). «God underholdning, slette melodier». Aftenposten. s. 10.
- ↑ «TV i helgen: Kalviks Waterloo». Verdens Gang. 9. mars 1981. s. 43.
- ↑ Bækkelund, Kjell (9. mars 1981). «Fornyelse? – Aldri i livet!». Verdens Gang. s. 36.
- ↑ Sande, Maggie (7. mars 1981). «– Hvorfor vinner vi aldri, Øivind Bergh?». Verdens Gang. s. 26.
- ↑ Hjort-Larsen, Arvid (7. april 1981). «BBC spør: Norge null-spekulanter?». Verdens Gang. s. 35.
- ↑ «VG-lista for «Aldri i livet»». VG. Besøkt 25. juli 2016.
- ↑ «Norvegia – Rømme hjemmefra». YouTube. Besøkt 25. juli 2016.