Maybe Baby
Maybe Baby Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets | ||
B-side |
«Tell Me How» | |
---|---|---|
Innspelt | 29. september 1957, Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Brunswick | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly og Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty[1] | |
The Crickets-kronologi | ||
«Oh, Boy!» (1957) |
Maybe Baby | «Think It Over» (1958)
|
«Maybe Baby» er ein rock and roll-song skriven av Buddy Holly og produsenten Norman Petty. Songen vart spelt inn av Holly og The Crickets i 1957 og gjeven ut på singel. På singelen er dei berre omtalt som The Crickets og han vart ein hit i USA, Storbritannia og Canada.[2]
Innspeling og utgjeving
[endre | endre wikiteksten]«Maybe Baby» vart spelt inn på Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma seint på natta 29. september 1957, medan Buddy Holly and The Crickets var på turné. Same kvelden som opptaket hadde dei konsert i Oklahoma City Municipal Auditorium med The Show of Stars '57.[3] Den ganske enkle teksten er sett til musikk med eit akkompagnement som er typisk for rockabilly.[1]
«Maybe Baby» vart opphavleg spelt inn av Holly og The Crickets i 1957,[4] og nådde 17. plassen på den amerikanske singellista og fjerdeplassen på den britiske. Holly turnerte i Storbritannia dette året. Singelen nådde òg åttandeplassen på R&B-lista til Billboard og niandeplassen på den kanadiske singellista.[5]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Jackie DeShannon gav ut ein versjon av songen på albumet hennar Breakin' It Up On the Beatles Tour! frå 1964.
- Visesongaren Phil Ochs spelte songen på konsert tidleg i 1970-åra då Ochs brukte elektriske instrument og spelte mange songar frå 1950-åra.
- Bandet Gallery gav ut ein versjon av songen i 1972 på albumet Nice to Be with You.
- Countryartisten Susie Allanson gav ut ein versjon i 1978, som nådde sjuandeplassen på den amerikanske countrylista og 14. plassen på den kanadiske countrylista.
- Bobby Vee gav ut ein versjon i 1963.
- The Hollies spelte inn songen i 1980.
- The Nitty Gritty Dirt Band spelte in songen i 1996.
- Skeeter Davis spelte inn songen i 1967.
- Brian May, gitarist i Queen, gav ut songen som B-sida til singelen «Business» i 1998 og tok han med på albumet Red Special, som berre kom ut i Japan.
- Paul McCartney spelte inn songen for filmmusikken til den britiske filmen Maybe Baby.
- Hank Marvin gav ut ein versjon av songen i 1996.
- Esquerita spelte inn songen for albumet Esquerita! i 2010.
- Pat Monahan frå bandet Train spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly, som kom ut i 2011.
- The Beatles spelte inn songen den 29. januar 1969 under Let It Be–Get Back-innspelingane.
- Det serbiske bandet Eva Braun spelte inn ein akustisk versjon av songen i 1993.
- Connie Francis spelte inn songen i 1996.
- Don McLean spelte inn songen i 1989.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maybe Baby (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-14557-6.
- Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. ISBN 978-1-4223-9302-4.
- Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. ISBN 978-0-936433-20-2.
- Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. ISBN 0-306-80715-7.
- Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press. ISBN 0-85947-018-0
- ↑ 1,0 1,1 Norman Petty intervjua på Pop Chronicles (1969)
- ↑ Song artist 320 – Buddy Holly.
- ↑ http://www.tinker.af.mil/Home/News/ArticleDisplay/tabid/6555/Article/387289/buddy-holly-recording-now-fixed-to-tinker-with-help-of-local-historian.aspx
- ↑ Buddy Holly: The Complete Works.
- ↑ Song artist 320 – Buddy Holly.
- ↑ Maybe Baby. Second Hand Songs.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rockabilly-songar
- Buddy Holly-songar
- Songar frå 1957
- Singlar frå 1958
- Susie Allanson-songar
- Songar skrivne av Buddy Holly
- Songar skrivne av Norman Petty
- Brunswick Records-singlar
- Jackie DeShannon-songar
- Skeeter Davis-songar
- The Hollies-songar
- Don McLean-songar
- Nitty Gritty Dirt Band-songar
- Connie Francis-songar
- Hank Marvin-songar
- Brian May-songar
- Paul McCartney-songar