Matterhorn
Matterhorn | |||
it. Monte Cervino fr.: Mont Cervin eller Le Cervin | |||
fjell | |||
Matterhorn sett frå Zermatt
| |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | grensa mellom Italia og Sveits | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 478 moh. | ||
Primærfaktor | 1 040 m ↓ Col Durand mot Weisshorn | ||
Sekundærfaktor | 13,7 km → Liskamm-Westgipfel | ||
Koordinatar | 45°58′35″N 7°39′30″E / 45.97639°N 7.65833°E | ||
Lettast tilkomst | Hörnliryggen (AD, fjellklatring) | ||
Førstestiging | Edward Whymper | ||
- dato | 14. juli 1865 | ||
Matterhorn 45°58′35″N 7°39′31″E / 45.976388888889°N 7.6586111111111°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Matterhorn |
Matterhorn (fr.: Mont Cervin eller Le Cervin, it.: Monte Cervino) er eit av dei best kjente fjella i Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom Sveits og Italia og er 4 478 m.o.h. Pyramideforma er svært karakteristisk og har mellom anna vore inspirasjon for Toblerone-sjokoladen.
Fjellet kan sjåast godt frå den sveitsiske tettstaden Zermatt i Valais og den italienske tettstaden Breuil-Cervinia i Val Tournanche.
Matterhorn har fire sider, som kvar vender mot kvar sin himmelretning. Nordsida vender mot Zmuttdalen, sørsida mot Breuil-Cervinia, austsida mot Gornergrat og vestsida mot Dent d'Hérens. Sidene er bratte og berre små område med snø og is dekkjer dei. Det går ofte snøras slik at det samlar seg snø på isbreane ved foten av fjellet. Hörnliryggen frå nordaust er den vanlegaste ruta til toppen. Nordsida av Matterhorn vert rekna som ein av Dei seks store nordsidene i Alpane.
Klatring
[endre | endre wikiteksten]Matterhorn var av dei siste store fjellet i Alpane som fjellklatrarar nådde toppen av. Fjellet var ikkje teknisk vanskelegare enn andre fjell, men skapte ei frykt hos dei tidlege fjellklatrarane. Den første seriøse forsøket vart gjort rundt 1857, hovudsakleg frå den italienske sida, men sjølv om det ikkje ser sånn ut er sørsida vanskelegare og klatrelaga måtte gje opp fleire forsøk.
Først i 14. juli 1865 klarte Edward Whymper, Charles Hudson, Francis Douglas og Robert Hadow, saman med Michel Croz og to stykk Peter Taugwalder (far og son med same namn) å nå toppen. Dei gjekk langs Hörnliryggen og oppdaga at dette var lettare enn dei trudde på førehand. På veg ned døydde glei Hadow, slo Croz overende og drog Hudson og Douglas med seg. Tauet som hang fast i dei tre andre slitna og dei fire fall ned på Matterhornbreen 1 400 meter under dei og omkom. Likene til alle bortsett frå Douglas vart funne og gravlagd på kyrkjegarden i Zermatt. Klatreturen vert rekna som den siste i den såkalla gullalderen i britisk/europeisk fjellklatring.
Tre dagar seinare, 17. juli nådde eit lag leia av Jean-Antoine Carrel toppen frå den italienske sida. I 1871 vart Lucy Walker den første kvinna på toppen av fjellet, eit par veker før rivalen hennar Meta Brevoort.
I dag er alle ryggane og sidene av Matterhorn klatra i alle årstider. Kvar sommar tar fjellguidar med seg mange klatrarar til toppen av fjellet via Hörnliryggen. Ut frå vanleg standard er klatringa relativt vanskeleg (med klatregraden AD). På grunn av personlege feil, fallande steinar og overfolka ruter døyr fleire klatrarar kvart år. Den vanlegaste ruta er å ta taubanen Schwarzsee opp frå Zermatt, gå til Hörnli-hytta (3 260 moh) og overnatte her. Neste dag står klatrarane opp seint på natta for å nå toppen før dei vanlege ettermiddagsbyene (ofte med torevêr) kjem inn.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Dufourspitze, det høgste fjellet i Sveits
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Virtuell klatring av Hörnliryggen med panoramabilete Arkivert 2006-09-09 ved Wayback Machine.
- Matterhorn på alpinist.com Arkivert 2007-10-17 ved Wayback Machine.
- Webkamera frå Matterhorn Arkivert 2006-11-16 ved Wayback Machine.
- Matterhorn på Summitpost
- Matterhorn på PeakWare
- Matterhorn på 4000er.de
- Walt Disney og Zermatt
- Klatrekronologi
- Biletgalleri