Mator
Utsjånad
(Omdirigert frå Matorisk språk)
Mator | ||
Klassifisering: | Uralske språk samojediske spårk sørsamojediske språk | |
Bruk | ||
Område: | Sibir | |
Utdøydd: | 1840-åra | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | mtm |
Mator er eit utdøydd uralsk språk. Det høyrer til den sørlege delen av den samojediske språkgreina. Andre sørsamojediske språk er selkupisk, og dei utdøydde khoibalsk og kamassisk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Mator døydde ut på 1840-talet. Det vart snakka i Sibir, i dei nordlege delane av Sajanfjella ikkje langt frå nordgrensa til Mongolia. Talarane budde i eit stort område frå Jenisej til Baikalsjøen. Taigi og karagassisk, som av nokon blir halde for eigne språk, var sannsynlegvis dialektar av mator. Mator-talarane vart assimilert inn i dei altaiske språka som blir snakka i det same området, spesielt khakassisk og tuvinsk.