Makar-øya
Utsjånad
(Omdirigert frå Makar)
Makar | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Yana Bay Islands | ||
Makar-øya 71°51′38″N 138°24′44″E / 71.860555555556°N 138.41222222222°E |
Makar (russisk Остров Макар; Ostrov Makar) er ei øy i Laptevhavet i republikken Sakha i Russland. Ho ligg i bukta der Jana munnar ut, om lag 30 km frå kysten i sør og 21 km nord for Sjelonskijøyane.
Makar er flat og myrlendt. Ho har nokre små innsjøar og ei landtunge som peikar austover.[1] Ho har ei lengd på 11 km og er 6 km på det breiaste. Øya, som Muostakhøya lenger vest i Buor-Khaja-bukta, er utsett for kraftig erosjon.[2]
Janabukta er utsett for det harde arktiske klimaet med mange stormar og snøstormar. Havet i bukta er dekt av tjukk is om lag åtte månader av året.
I 1986 vart det funne bisonbein frå kvartærtida av Ju. A. Jarlykov på Makar.[3]
Det ligg ein russisk polarstasjon på Makar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Makar Island» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Geografiske data
- Plassering
- Bilete av Makar
- Bilete av polarstasjonen på Makar. Arkivert 2011-07-25 ved Wayback Machine.
- ↑ Geografisk skildring[daud lenkje]
- ↑ Erosjon på Makar, arkivert frå originalen 9. februar 2012, henta 4. august 2008
- ↑ Bisonbein, arkivert frå originalen 9. februar 2012, henta 4. august 2008