Magas
Magas Магас | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Ingusjetia | |
Grunnlagd Bystatus |
1995 2000 | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
1 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
354 354 /km² | |
Koordinatar | 43°10′0″N 44°49′0″E / 43.16667°N 44.81667°E | |
Høgd over havet | 560 moh. | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 386000, 386001 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)87345 | |
Nettstad: www.magas.ru |
Magas (russisk Мага́с) er hovudstaden i Republikken Ingusjetia i Russland. Han ligg rundt 1500 km søraust for Moskva. I 2008 hadde han berre 354 innbyggjarar og er dermed den minste byen i Russland.
Byen vart grunnlagt i 1995 og erstatta Nazran som hovudstad i republikken i 2002.
Republikken Ingusjetia vart eit eige føderasjonssubjekt i Russland i 1992, etter å ha vorte skilt ut frå den tidlegare sovjetrepublikken Tsjetsjenia-Ingusjetia. Nazran, den største av dei tre byane i den nye republikken, vart gjort til mellombels hovudstad, men eigna seg dårleg til formålet.
I 1995 grunnla derfor president Ruslan Ausjev den nye byen Magas berre nokre få kilometer sør for Nazran og kalla han opp etter mellomalderbyen Maghas. Den nye byen var meint å tene berre administrative formål. Presidentpalasset og regjeringsbygningen vart bygt i ein rik orientalsk stil og eit forretningsdistrikt er under oppføring. Ein reknar med at byen kan huse rundt 30 000 innbyggjarar i framtida.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Magas» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.