Mae Muller
Mae Muller | |||
| |||
Fødd | 26. august 1997 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kentish Town | ||
Fødenamn | Holly Mae Muller | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2018– | ||
Sjanger | pop, rhythm and blues | ||
Plateselskap | Capitol Records, EMI | ||
Verka som | songar |
Holly Mae Muller (fødd 26. august 1997) er ein engelsk songar og låtskrivar. Ho blei kjend for eit større publikum i 2021, då ho gav ut singelen «Better Days» med det svenske musikkollektivet Neiked og den amerikanske rapparen Polo G. Låten gjekk inn på topp 40 i både Storbritannia og USA.
Muller representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2023 på heimebane i Liverpool med songen «I Wrote a Song».
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Muller blei fødd i London i 1997 og vaks opp med å lytte til mora sine favorittartistar som The Chicks, Gwen Stefani og Simon & Garfunkel. Det store vendepunktet kom då ho fekk høyre debutalbumet til Lily Allen, Alright, Still.[1]
Muller byrja å skrive eigen musikk allereie som åtteåring. Foreldra søkte ho til kostskulen Kimbolton i Cambridgeshire, men Muller enda opp med å gå på Fine Arts College i Belsize Park i Nord-London.
I 2007, berre ni år gammal, spelte ho i musikkvideoen til «Grace Kelly» med artisten Mika.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Som tenåring jobba Muller på pub og fekk ein kompis til å produsere eit par demoar i bytte mot ei flaske vin.[3] Ho lasta demoane opp på SoundCloud i 2017, og ho blei oppdaga av sin kommande manager etter å ha lasta opp ein video der ho song på Instagram.
Muller gav ut EP-en After Hours i februar 2018, og oppfølgjar-EP-en Frankly i september same år.[4][5]
Muller slapp debutalbumet Chaper 1 i april 2019,[6] og var oppvarmingsartist for Little Mix på turneen LM5: The Tour same år i lag med bandet New Rules.[7] Etter turneen slapp ho singelen «Therapist»,[8] og la deretter ut på den første riksdekkjande turnéen sin til fem byar i Storbritannia.[9]
I november 2020 kom den tredje EP-en hennar, No One Else, Not Even You, etterfølgd av en turné i Storbritannia og Europa.[10][11]
I 2021 teama Muller seg opp med det svenske artist-kollektivet Neiked og den USA-amerikanske rapparen Polo G på singelen «Better Days». Songen nådde 23. plassen på den amerikanske Billboard-lista Hot 100.[12] I Storbritannia nådde låten 32. plassen på den britiske singellista.
Muller slapp singelen «I Just Came to Dance» i oktober 2027, som passerte 2,5 millionar strøymingar på Spotify eit halvt år seinare.
Den 3. mars 2023 gav Muller ut singelen «Feels This Good» i samarbeid med Sigala, Caity Baser og Stefflon Don. Seks dagar seinare kunngjorde BBC at ho skulle representere Storbritannia på heimebane i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[13] Ho deltok med låten «I Wrote a Song» som ho skreiv saman med Karen Poole og Lewis Thompson.[14] Låten enda nest sist i finalefeltet på 26 land.[15]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ClashMeets Mae Muller». Clash Magazine Music News, Reviews & Interviews (på engelsk). 28. april 2021. Henta 11. mars 2023.
- ↑ Veitch, Milly (9. mars 2023). «EurovisionUK entry Mae Muller recalls starring in Mika's music video». Mail Online. Henta 11. mars 2023.
- ↑ «MaeMuller: On The Rise | Interview». The Line of Best Fit (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ «MaeMuller makes bold first step on ‘After Hours’ EP». DIY (på engelsk). 15. februar 2018. Henta 11. mars 2023.
- ↑ «MaeMuller – Frankly». A1234 (på engelsk). 7. desember 2018. Henta 11. mars 2023.
- ↑ «MaeMuller: How do you become a breakout music star in lockdown?». Sky News (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ Holecek, Chelsea (30. september 2019). «MeetMae Muller, Little Mix's new opening act». United By Pop (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ Forrest, Jo (24. januar 2020). «MaeMuller releases new single 'Therapist'». TotalNtertainment (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ Lane, Lexi (28. mai 2020). «Interviewwith Mae Muller: London’s Emerging Star Talks New Music & Creative Growth». Atwood Magazine (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ Forrest, Jo (9. september 2020). «NewEP from Mae Muller out November and tour». TotalNtertainment (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ Yates, Jonathan (10. september 2020). «MaeMuller announces O2 Forum Kentish Town show on UK tour». MyLondon (på engelsk). Henta 11. mars 2023.
- ↑ «The Hot 100». Billboard. 2. januar 2013. Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. januar 2022.
- ↑ «Mae Muller: Who is the UK's Eurovision entrant?». BBCNews (på engelsk). 9. mars 2023. Henta 11. mars 2023.
- ↑ «MaeMuller». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Mae Muller» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2024.