Lyngnstøylvatnet
Utsjånad
Lyngnstøylvatnet | |||
innsjø | |||
Lyngnstøylvatnet med ruinane
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Høgd over havet | 152 moh. | ||
Areal | 0,11 km² | ||
Kystlengd1 | 1,54 km | ||
Koordinatar | 62°10′32″N 06°43′44″E / 62.17556°N 6.72889°E | ||
![]() Lyngnstøylvatnet 62°10′32″N 6°43′44″E / 62.17555618°N 6.72888899°E | |||
Wikimedia Commons: Lyngnstøylvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Lyngnstøylvatnet er eit vatn i Norangsdalen i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.
Lyngnstøylvatnet vart til då eit steinskred stengde elva. Det var den 26. mai 1908. Elva overfløymde ei seter, Lygnstøylen med 9 sel , vegen gjennom dalen og noko av terrenget rundt. I roleg vér kan ein sjå restar av seltuftene gjennom vassflata.
Ein kan og sjå restar av tre og grinda over vegen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/29/Lyngnstoylvatnet_porten.jpg/220px-Lyngnstoylvatnet_porten.jpg)
På grunn av desse ruinane er vatnet vorte ein populær stad for dykking. Riksveg 655 går like forbi vatnet. Ved rasteplassen er det oppsett ei informasjonstavle.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Sivert Aklestad: Minneskrift Hjørundfjord kommune 1837 - 1937
- Ægir Dykkerklubb si informasjonsside om Norangsdalen Arkivert 2007-07-04 ved Wayback Machine.
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.