Lussand
Lussand | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Granvin | ||
Postnummer | 5736 GRANVIN | ||
Gardnummer | 132 | ||
Ferdselsårer | Fylkesveg 7 | ||
Lussand er ein matrikkelgard (gardnummer 132) i Granvin herad.[1] Lussand er ytste garden i Granvin og grensar til Kjepso i Kvam herad i vest, til Beggevik i aust, og i fjellet grensar garden til Voss.[2]
Fram til 1964 høyrde Lussand til Kinsarvik herad.[2] Då vart den delen av Kinsarvik herad og sokn som låg på vestsida av Hardangerfjorden (Lussand–Kvanndal) overført til Granvin. I Kinsarvik hadde Lussand gardnummer 117.[2]
Fylkesveg 7 går over garden, og like austom innmarka og tuna ligg Lussandberget, der vegen er svingete og ekstra smal med steile berget på eine sida og lukt i fjorden på hi. Vegstrekka er rasutsett, og det skal byggjast tunell der.[3][4] Dagens vegstrekke er del av Nasjonale turistveger, og det er i den samanheng bygd rasteplass/utsiktspunkt like vestom busetnaden på Lussand.[5][6]
På oppsida av vegen mellom Kjepso og Lussand ligg eit skogområde på Uranes som er verna som naturreservat.[7] Uranes naturreservat er oppretta for å verne eit større edellauvskogsområde med stor økologisk variasjon.[8]
Namnet
[endre | endre wikiteksten]Fyrstelekken av namnet er ikkje sikkert tolka.[2][9]
Gardsnamnet vert også brukt som etternamn. I 2013 var det 44 personar i Noreg som hadde Lussand til etternamn.[10] Ein kjend namneberar er politikaren Magnar Lussand, som var fylkesordførar i Hordaland frå 1991 til 1999.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Olav Kolltveit (1986). «Lussand (Gnr. 132)». Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid : med ættebokdel for gardane Beggevik, Kvanndal, Lussand og Naustvik. 3 : Bygdebok for Granvin med ættebokdel for gardane Beggevik, Kvanndal, Lussand og Naustvik. Odda: Bygdeboknemnda for Granvin, Ulvik og Eidfjord. s. 36.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Olav Kolltveit (1974). «117. Lussand». Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. 5 2 : Bygdesoga. Odda: Bygdeboknemnda for Odda, Ullensvang og Kinsarvik. s. 17.
- ↑ ««Fv. 7 Lussandberget : Reguleringsplan»». Nettstaden til Statens vegvesen.
- ↑ «Statens vegvesen: Fv 7 Lussandberget, Granvin herad Konsekvensutgreiing».
- ↑ ««Nasjonal turistveg Hardanger / Utførte anlegg»». Nettstaden til Statens vegvesen.
- ↑ ««Turistveg Hardanger: Rasteplass Lussand»». Nettstaden til Norske landskapsarkitekters forening.
- ↑ ««Forskrift om vern for Uranes naturreservat i Granvin og Kvam kommuner, Hordaland fylke.»». lovdata.no.
- ↑ ««Uranes»». Miljødirektoratet.
- ↑ Stemshaug, Ola og Sandnes, Jørn, red. (1997). «Lussand». Norsk stadnamnleksikon (4, 2. opplag 2005 utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 297. ISBN 978-82-521-4905-7 Check
|isbn=
value: checksum (hjelp). - ↑ «Namnesøk». Nettstaden til SSB. Henta 9. november 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Olav Kolltveit (1974). «117. Lussand». Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. 5 2 : Bygdesoga. Odda: Bygdeboknemnda for Odda, Ullensvang og Kinsarvik. s. 17.
- Olav Kolltveit (1986). «Lussand (Gnr. 132)». Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid : med ættebokdel for gardane Beggevik, Kvanndal, Lussand og Naustvik. 3 : Bygdebok for Granvin med ættebokdel for gardane Beggevik, Kvanndal, Lussand og Naustvik. Odda: Bygdeboknemnda for Granvin, Ulvik og Eidfjord. s. 36.
- O. Olafsen (1907). «Lussand». Ullensvang : en historisk-topografisk-statistisk Beskrivelse af Ullensvangs Herred. Bergen: i kommisjon hjå C. Floor. s. 587-588.
- Aamund K. Bu (1931). «Lussand». Ættar-bok for Kinsarvik. 1. Bu: Eige forlag. s. 155.
- Aamund K. Bu (1960). «Lussand». Ættar-bok for Kinsarvik. 2 : 1900-1956. Stord: Eige forlag. s. 85.
- Arild Aasland og Åsbjørg Strand (1963). «Lussand». Norske gardsbruk : Hordaland fylke. 1 1 : Sunnhordland, Hardanger, Voss. Oslo: Forlaget Norske gardsbruk. s. 551.
Rong på Voss | ||||
Kjepso | N | Beggevik | ||
V Lussand A | ||||
S | ||||
Indre Samlafjorden Lote |