Lunner kyrkje
Lunner kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Lunner | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Hadeland og Land | ||
Sokn | Lunner | ||
Fellesråd | Lunner | ||
Lengd | Kor 15,1 m x 7,3 m m | ||
Type | langkyrkje | ||
Periode | Mellomalderdel romansk, gotisk etter ombygging av kor 12–1300-talet | ||
Teknikk | mur, tømmer | ||
Material | stein, tre | ||
Innvigd | Midten av 1100-talet (koret) | ||
• Vigd til | Heilag-Olav | ||
• Endringar | Påb. 1780. Rest. 1930/1987 | ||
Takryttar | I vest | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Av tre, Ivar Myrstuen 1990 | ||
Døypefont | Kleberstein 1906 | ||
Altartavle | Axel Ender 1904 e etter Adolph Tidemand («Oppstoda», frå Bragernes kyrkje) | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1969 | ||
Sitjeplassar | 320[1] | ||
Diverse | Ti romanske figurar i sandstein frå 1100-talet på ytterveggene | ||
Lunner kyrkje 60°18′27″N 10°33′26″E / 60.3075°N 10.5572°E | |||
Wikimedia Commons: Lunner church |
Lunner kyrkje er ei steinkyrkje frå 1100-talet som ligg på Lunnertoppen i Lunner kommune i Akershus.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lunner kyrkje vart bygd av stein og var opphavleg ei einskipa langkyrkje med eit rundt steintårn. På biletet er skipet i den opphavlege steinkyrkja delen til høgre.
I 1780-åra vart kyrkja bygd om til krosskyrkje, og det opphavleg runde kyrkjetårnet vart rive. Dei nyare delane er til venstre på biletet.
Dei nyare delane i tre vart restaurerte i 1987–1988, og då vart fundamentet til det runde steintårnet i vest avdekka – det einaste kjende runde kyrkjetårnet i Noreg. Over denne tårnfoten vart det etter restaureringa lagt eit glasgolv, slik at gjestar i kyrkja kan sjå den opphavlege konstruksjonen.
Den ytre diameteren på tårnet er 5,4 m. Det hadde inngang i vest, og det indre tårnrommet hadde ein diameter på berre 2,8 m.
Mellomalderdelen i stein er framleis ikkje restaurert.
Steinfigurar
[endre | endre wikiteksten]Utvendig er det ti uthogde figurar i veggane på den gamle delen av kyrkja. Den eine viser ei løve med gapande kjeft. Så følgjer ein kentaur som skyt med boge, på reileff 2. Relieff 3 viser ein mann som grip seg om skjegget med den eine handa.
Desse figurane er plasserte på sør- og austveggen av steinkyrkja, og på sakristiet. På kvar side av portalen finn vi to langsmale relieff. Det til høgre har to englar som bøyer seg mot kvarandre, og det til venstre tre mannsandlet omgitt av ei ranke.
Ein veit ikkje heilt kor dei har vore plassert opphavleg, men dei skal vere eldre enn det utvida koret. Det er sannsynleg at dei kan ha stått på det eldste koret og på vesttårnet. Relieffa er laga i sandstein, eit sjeldant materiale i dette området. Det er mogleg at det kan vere fleire skulpturar i grunnmuren. Ingen anna bygdekyrkje har så mange skulpturar i stein.
Ei segn fortel at Heilag-Olav skal ha starta byggearbeidet.
-
Løvehovud
Foto: John Erling Blad
-
Kentaur med pil og boge
Foto: John Erling Blad
-
Mann med skjegg (skjeggtrekkar)
Foto: John Erling Blad
-
Englar
Foto: John Erling Blad
-
Mannsandlet og ranke
Foto: John Erling Blad
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lunner kyrkje» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kleven, Marie Aybert; Wirstad, Inger Marit Echholt, m.fl. (2006). Lunner kirke i 850 år. En historisk oversikt. Lunner: Lunner menighetsråd. ISBN 82-303-0662-1.
- Ekroll, Øystein (1997). Med kleber og kalk, Norsk steinbygging i mellomalderen 1050-1550. Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-4754-2.
- Bugge, Anders (1932). «Lunner kirke». Hadeland. Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 223-239.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 582. ISBN 82-7527-022-7.
- Lunner kyrkjelege fellesråd Arkivert 2013-12-11 ved Wayback Machine.
- «Lunner kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Bilete frå kyrkja Arkivert 2006-05-29 ved Wayback Machine.
- Lunner kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren