Lilla
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Lilla er ein farge som inngår i fargespekteret. I vitskaplege samanhenger vert ordet fiolett bruka om lys med ei viss bølgelengd, medan lilla vert bruka om om alle blandingar mellom raude og blå bølgelengder. Den fiolette delen av spekteret er frå 380 til 430 nanometer, og er dermed det mest kortbølga lyset menneskeauga kan oppfatte. Lys med bølgelengder kortare enn 380 nm er usynleg og vert kalla ultrafiolett stråling. I regnbogen er fiolett det inste av fargebanda.
Fargelære
[endre | endre wikiteksten]Ved subtraktiv fargeblanding, som for eksempel når ein blandar måling, får ein lilla farge ved å blande raudt og blått.
Fiolett utgjer ei utfordring for TV- og PC-skjermar som brukar RGB-systemet for fargegjengiving, sidan skjermen ikkje vutståler lys med så kort bølgelengd (den kortaste er blå). Alle førekomstar av fiolett må derfor byttast ut med lilla.
I estetikken er lilla rekna til dei kalde fargane.
Symbolikk
[endre | endre wikiteksten]I liturgisk samanheng vert fiolett bruka i samband med sorg og bot.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Lilla er lånt gjennom det franske ordet lilas frå arabisk lilac, som tyder syrin.[1] Ordet fiolett er lånt frå fransk. [2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lilla» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2009.