Lill
Utsjånad
Lill er eit skandinavisk kvinnenamn med opphav i kjælenamn, anten danna av det norrøne ordet lítill, 'liten', eller som ei kortform av namn som byrjar på Lill-, som Lillian eller Lillebil. Nærskylde former er Lilla, Lillan, Lille og Lilly.
Lill kan òg vera eit slektsnamn.
Lill har namnedag den 27. februar.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Bruken av namnet i Noreg tok til å veksa rundt i siste halvdel av 1910-åra. Han voks til ein topp rundt 1970, då over 0,30 % av nyfødde jenter fekk namnet. Lill er vanleg i samansetjingar med andre namn, som «Lill-Kristin» eller «Eva-Lill». Medan det i 2009 var 3 126 norske kvinner som hadde Lill som første førenamnet, var det berre 386 som hadde det som einaste førenamn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]- Lill Egede Nissen (1909-1962), norsk skodespelar
- Lill-Babs (f. 1938), artistnamn for den svenske songaren Barbro Svensson
- Lill Lindfors (f. 1940), finlandssvensk songar og skodespelar
- Lill-Kristin Sæther (f. 1983), norsk golfspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Lill hjå Statistisk Sentralbyrå
- nordicnames.de
- Delar av denne artikkelen bygger på «Lill» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2009.