Lavvo
Lavvo (av nordsamisk lávvu) er eit tradisjonelt samisk telt som har vore brukt av nomadiske samar i over 2 000 år. Lavvoen er lett å flytte på, og er godt eigna til samane sitt tradisjonelle nomadeliv.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Ein lavvo består av fleire pålar (raier) som er festa i toppen og spreidd utover i ein sirkel. Duken bestod tidlegare av sammensydde reinskinn, men i dag vert brukt duk av ulike stoff. Duken vert fest i bakken med tau og pluggar. I midten fyrer ein med eit bål for å halda varmen. Røyken går ut i toppen av lavvoen. Lavvoen vert kjegleforma når han er oppslegen.
Lavvoen liknar mykje på nordamerikanske tipiar, men er litt lågare og toler difor vinden betre.
Moderne lavvo
[endre | endre wikiteksten]I dag finst lavvoar i mange ulike variantar. Venor i Kautokeino starta i 1984 å vidareutvikle dei tradisjonelle lavvoane, og kom ut med modellane Ovnslavvo og Einstangslavvo, begge med stenger av aluminium i staden for dei tradisjonelle trestengene. Desse forandringane gjorde at lavvoen vart lettare å slå opp, og lettare å frakta med seg. Dette gjorde at lavvuen raskt gjekk over frå å vere ein bustad berre for samane, til å bli allemannseige hos friluftsfolk over heile landet.
Dei minste (einstangslavvoane) består av ei teltstang i midten og veldig lett kunststoffduk. Dei største lavvoane har fleire aluminiumstenger og tjukkare duk. Dei største lavvoane kan romma meir enn 100 personar. I dag er det òg vanleg å bruka omn til fyring inni lavvoen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Gamme, tradisjonell samisk jordhytte
- Tipi, tradisjonelt, konisk telt hos sletteindianarar i Nord-Amerika
- Wigwam (wickiup), kuppelforma hytte hos indianarar i Nord-Amerika
- Hogan, tradisjonell jordhytte hos navajofolk
- Jurt, tradisjonelt filttelt hos nomadar i Sentral-Asia.
- Tsjum, tradisjonelt, konisk telt hos nenetsarar i Nordvest-Russland
- Jaranga, tradisjonelt telt hos visse nomadiske grupper i Sibir og Nord-Russland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lavvo» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2015.