Lauritz Hervig
Utsjånad
Lauritz Hervig | |||
| |||
Fødd | 17. april 1843 Modum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. mai 1918 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Far | Kristian Nilssen Hervik | ||
Alle verv |
|
Lauritz Kristiansen Hervig (16. april 1843–13. mai 1918) var ein norsk gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Christian Hervig var far hans.
Hervig arbeidde frå 1860 til -68 hos kjøpmann Martinius Aass i Drammen. Frå 1869 var han gardbrukar på slektsgarden Nordre Fjell i Skoger. Tida 1874-1904 var han medlem av heradsstyret i Skoger, ordførar frå 1876. Frå 1881 til 1912 var han banksjef i den lokale sparebanken.
Valbolken 1895-97 var Hervig 1. varamann til Stortinget frå Jarlsberg og Larviks amt. Han møtte då på tinget, etter som den valde representanten Hans Jakob Aschjem vart sjuk og døydde vinteren 1895. Perioden 1898-1900 var han 2. representant frå valkrinsen. I begge periodane var han medlem av vegkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914