Lasse Ellingsen
Lasse Ellingsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. oktober 1825 Gulen kommune |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Lasse Ellingsen (9. oktober 1825–27. juni 1905) var ein norsk lærar, lensmann og lokalpolitikar frå Grinde ved Eidsfjorden i Gulen. Ellingsen var ein av dei som fekk lærarutdanning av prost Niels Griis Alstrup Dahl i prestegarden i Eivindvik. Som syttenåring vart Ellingsen lærar i heimbygda ved Eidsfjorden. I 1850 vart han så lærar i Brekke, og han bygde eit nytt skulehus på Nedre Haugland i 1852 for eigne middel. Han busette seg etter kvart på Haugland i Brekke.
Frå 1862 - 1873 var Ellingsen ordførar i Lavik og Brekke kommune. Deretter, frå 1873, hadde Ellingsen stillinga som lensmann i kommunen, ei stilling han heldt på til han døydde i 1905. I fleire periodar var han varamann til Stortinget: 1862-1863, 1865-1866, 1868-1869 og 1871-1873. I åra 1874-1876 og 1877-1879 var han fast stortingsrepresentant.
I 1886 kjøpte Ellingsen opp det gamle sorenskrivarsetet og handelsstaden Lovisendal frå eit konkursbu. Etter dette dreiv Ellingsen-slekta handel og skipsekspedisjon i Brekke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sogn og Fjordane Fylkesleksikon om Lasse Ellingsen.[daud lenkje] død lenkje
- Lindstøl, Tallak (1914). «Ellingsen, Lasse». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 213.
- Biografisk informasjon om Lasse Ellingsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv