Lars Oftedal (1838-1900)
- For sonen med same namn, sjå Lars Oftedal (1877-1932).
Lars Oftedal | |||
Lars Oftedal avbilda i Verdens Gang 16. februar 1884. | |||
Fødd | 27. desember 1838 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mai 1900 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre (ukjend; 1889), Moderate Venstre (1889; 1900) | ||
Yrke | politikar, prest, redaktør, journalist, salmediktar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Lars Oftedal | ||
Alle verv |
|
Lars Oftedal (27. desember 1838–2. mai 1900) var ein norsk prest og politikar fødd i Stavanger. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1882-85 og for Moderate Venstre frå 1888-91. Oftedal var viktig for bedehusrørsla. Han er òg kjend som grunnleggjar av avisa Stavanger Aftenblad.
Oftedal grunnla avisa Vestlandsposten i 1878, som blei eit viktig organ for «Bonde-Venstre». I 1891 måtte han ta avskjed som prest etter ein sedelegheitskandale. Seinare grunnla Oftedal Stavanger Aftenblad, som han bygde opp til ei leiande regionavis.
Kontrovers
[endre | endre wikiteksten]I 1887 vart Oftedal angripen av Alexander Kielland i romanen Sankt Hans Fest etter at Oftedal ikkje ville gje Kielland diktargasje. I 1889 kom og Knut Hamsun med eit aggressivt angrep på Oftedal i skriftet Lars Oftedal på oppdrag for Dagbladet. Dagbladet omtala i 2005 dette som «de mest omfattende offentlige angrep noen nordmann er blitt utsatt for i noen avis».[1] Seinare har Alfred Hauge levert et forsvar for Lars Oftedal i skodespelet Morten Kruse.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Berge Furre: Soga om Lars Oftedal, Oslo 1990 ISBN 82-521-3468-8
- ↑ Gudleiv Forr, «De nye oftedølene», Dagbladet, 03.06.2005
- Biografisk informasjon om Lars Oftedal (1838-1900) NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv