Landseer
Utsjånad
Landseer eller kontinental landseer er ein stor og sterk hunderase som har har fått namnet sitt etter den kjende biletkunstnaren Sir Edwin Henry Landseer, som i 1838 bl.a. måla det vidkjende biletet «The distinguished member of the Human society». Han var spesialist på å portrettere dyr i alle moglege situasjonar. Nemninga «kontinental» har denne hunderasen fått som fylgje av at han vart redda og vidareutvikla av tyske oppdrettarar på byrjinga av 1900-talet.