Hopp til innhald

Lamezia Terme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lamezia Terme
by
Land  Italia
Region Calabria
Provins Catanzaro
Areal 162,43 km²
Folketal 67 026  (1. januar 2023)
Borgarmeister Giovanni Speranza
Postnummer 88046
Retningsnummer 0968
Kart
Lamezia Terme
38°58′00″N 16°18′00″E / 38.966666666667°N 16.3°E / 38.966666666667; 16.3
Wikimedia Commons: Lamezia Terme

Lamezia Terme er ein by i provinsen Catanzaro i regionen Calabria Italia.

Bydelen St. Theodore på åsen der ruinane av den normanniske Hohenstaufen-borga ligg
Maltabastionen i Lamezia (1550)

Lamezia ligg ved den austlege enden til ei kystslette som vanlegvis vert kalla Piana di Sant'Eufemia, midt på den calabriske kysten ved Tyrrenhavet. Sletta var tidlegare eit myrområde, men har vorte drenert.

Kommunen Lamezia Terme vart formelt oppretta 4. januar 1968. Området inneheld dei tidlegare kommunane Nicastro, Sambiase og Sant'Eufemia Lamezia. Den kontroversielle samanslåinga var meint å skape ei sterkare eining med ei betre økonomisk utvikling.

  • Nicastro

Nicastro har spor tilbake til 800-talet då Calabria var ein del av Austromarriket. Då vart ei borg kalla Neo Castrum («Ny Borg») bygd. Eit stort benediktinarkloster, St. Eufemia, vart grunnlagd her i 1062 av den normanniske greven Robert Guiscard. Han var lenge eit len for Caracciolo-familien og seinare høyrte det itl D'Aquino-familien. Byen vart nesten heilt lagt i grus av eit jordskjelv i 1638 der meir enn 100 innbyggjarar omkom, og seinare vart klosteret lagt i grus. Borga, som var bygd av normannararane og utvida av keisar Fredrik II og angevinkongane fall saman. Flaum og fleire jordskjelv fylgde på 1700-talet.

Nicastro opplevde stor emigrasjon seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet (om lag 8 000 innbyggjarar), i tillegg til etter den andre verdskrigen.

  • Sambiase

Sambiase vart grunnlagd rundt 900-talet rundt eit kloster tileigna St. Biase, som byen har fått namn etter. Han hadde mange kyrkjer, men i dag står berre fem av dei att.

  • Sant'Eufemia Lamezia

Dagens Sant'Eufemia Lamezia ligg ikkje der han låg i antikken. Den eldste busetnaden var den greske Terina, som i dag har vorte graven ut. Sant'Eufemia Lamezia (i dag Sant'Eufemia Vetere) vart grunnlagd på ein ås kort tid etter jordskjelvet i 1638. Den noverande bydelen vart bygd under facistperioden etter at eit myrområde vart drenert.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]