Kvernes stavkyrkje
Utsjånad
Kvernes stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Type | langkyrkje | ||
---|---|---|---|
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Takryttar | ja | ||
Diverse | Eigd av Fortidsminneforeninga. | ||
Kvernes stavkyrkje 63°00′19″N 7°43′19″E / 63.0053°N 7.72194°E | |||
Wikimedia Commons: Kvernes stave church |
Kvernes stavkyrkje er ei stavkyrkje i Averøy kommune på Nordmøre. Kyrkja er av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denne kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart truleg bygd på siste halvdel av 1300-talet. Kyrkja vart omfattande ombygd mellom anna med lafta kor i 1633.
I samband med ombygginga i 1633 vart inngangen flytta frå vestsida av kyrkjeskipet til sørsida. I 1776 vart kyrkja igjen ombygd og endå ei gong i 1810 med ein takryttar.
I 1894 vart kyrkja seld og kjøpt av ei gruppe menneske som seinare gav heile kyrkja til Fortidsminneforeningen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Leif Anker og Jiri Havran (2005). Kirker i Norge, bind 4: Middelalder i tre. Oslo: ARFO. s. 316–323.
- Kvernes stavkirke på Kyrkjesøk
- Kvernes stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fortidsminneforeninga om stavkyrkja Arkivert 2019-04-12 ved Wayback Machine.
- Riksantikvaren om stavkyrkjeprogrammet
- Kunsthistorie.com
- «Kvernes stavkirke» på nettstaden stavkirke.org Arkivert 2007-09-07 ved Wayback Machine.
-
Korskilje og altartavle.Foto: Frode Inge Helland
-
Døypefonten i Kvernes stavkyrkjeFoto: Matthias Heil
-
Minnetavle over sokneprest Anders Eriksen med familieFoto: Matthias Heil
-
Krusifiks frå 1600-talletFoto: Matthias Heil
Denne kyrkjeartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.