Korvald-regjeringa
Utsjånad
Lars Korvald si regjering var ei norsk regjering som sat i tida frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Regjeringa kom til etter folkeavrøystinga om medlemsskap i EF. Folkeavrøystinga fann stad den 25. september 1972. Statsminister Trygve Bratteli frå Arbeidarpartiet hadde sagt at om det ikkje vart fleirtal for medlemsskap i EF, ville regjeringa hans gå av. Etter at nei- sida fekk fleirtal gjekk Trygve Bratteli si regjering av, og partia Senterpartiet (Sp), Kristeleg Folkeparti (KrF) og Venstre (V) samarbeidde om å danna ei mindretalsregjering.
Ministrar og statsrådar
[endre | endre wikiteksten]- Statsminister: Lars Korvald, KrF, 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Utanriksminister: Dagfinn Vårvik, Sp 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Landbruksdepartementet: Einar Moxnes, Sp. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Handels- og skipsfartsdepartementet: Hallvard Eika, V. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Justisdepartementet: Petter Mørch Koren, KrF 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Kyrkje- og undervisingsdepartementet: Anton Skulberg, Sp 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Kommunal- og arbeidsdepartementet: Johan Skipnes, KrF. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Industridepartementet: Ola Skjåk Bræk, V. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Samferdsledepartementet: John Austrheim, Sp. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Miljøverndepartementet: Trygve Haugeland, Sp. 18. oktober 1972 til 5. mars 1973.
Helga Gitmark, Sp. 5. mars 1973 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Sosialdepartementet: Bergfrid Fjose, KrF. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Forbrukar- og administrasjonsdepartementet: Eva Lundegaard Kolstad, V. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Fiskeridepartementet: Trygve Olsen, Sp. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Finansdepartementet: Jon Ola Norbom, V. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
- Statsråd med ansvar for Forsvarsdepartementet: Johan Kleppe, V. 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973