Hopp til innhald

Korjakisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korjakisk
нымылан nymylan
Klassifisering Tsjukotko-kamtsjatkansk
 Nordleg
  Korjak-aljutor
   Korjakisk
Bruk
Tala i Russland
Korjakisktalande i alt 3 500[1]
Språkkodar
ISO 639-3 kpy

Korjakisk er eit tsjukotko-kamtsjatkisk språk som blir tala heilt aust i Sibir i Russland. Det har rundt 1 700 talarar, for det meste korjakar frå Korjakia. Det nærskylde språket tsjuktsjisk har omlag tre gonger så mange talarar.

Korjakisk blir skrive med kyrilliske bokstavar. Det korjakiske alfabetet er som følgjer:

А а Б б В в В' в' Г г Г' г' Д д Е е
Ё ё Ж ж З з И и Й й К к Ӄ ӄ Л л
М м Н н Ӈ ӈ О о П п Р р С с Т т
У у Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ
Ы ы Ь ь Э э Ю ю Я я
  1. Ethnologue-tal frå 1997