Hopp til innhald

Kliment Huhtamäki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kliment Huhtamäki

Andre namnDøypenamn Juha Kalevi Huhtamäki. Namn som munk russisk Климент (Kliment, klerikal namneform).
Fødd21. mai 1968 i Björneborg i Finland
FødestadBjörneborg

Kliment Huhtamäki (fødd Juha Kalevi Huhtamäki21. mai 1968) er primas av Den russisk-ortodokse kyrkja i Noreg. Han er fødd i Björneborg (Pori) i Finland.

I 1994 fullførte Juha teologistudium i dåverande Zagorsk (Sergijev Posad). Han tok munkeløftet 7. desember 1995.[treng kjelde]

I 1997 blei han utnemnd til forstandar i Hellige Olga menighet i Oslo. Frå 2005 verka han som prost for Moskvapatriarkatets menigheter i Norge.[1] Hellige Olga menighet (Moskvas og heile Russlands patriarkat) har hus i Vår Frelsers ortodokse kirke. Presten i Oslo forrettar òg gudstenester i kapellet som er vigd til Heilage Nikolai i Tromsø bymisjon sine lokale.[treng kjelde]