Klas Lestander
Utsjånad
Klas Lestander | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. april 1931 Arjeplog |
Død | 13. januar 2023 (91 år) Arjeplog |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | biathlon at the 1960 Winter Olympics – men's 20 kilometre |
Utmerkingar | olympisk gullmedalje |
Klas Ivar Wilhelm Lestander (18. april 1931–13. januar 2023) var ein svensk skiskyttar og snikkar, frå Arjeplog i Norrbottens län. Han overraska ved å vinne gullmedaljen i skiskyting under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Lestander var ein av få utøvarar som deltok i prøve-OL 1959 i Squaw Valley. Året etter var han på plass i OL-løypa, der han med sitt mausergevær trefte blink med alle 20 skota på 20-kilometer. Trass i at han berre hadde 15. beste langrennstid av dei 30 deltakarne, vann han tevlinga med 2 minutt til gode på finske Antti Tyrväinen. Året etter kom Lestander på niandeplass i VM i skiskyting 1961 i Umeå.
Lestander lukkast aldri verte svensk meister. Han var aktiv fram til 1965.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 'Olympiaboken. Squaw Valley - Roma'. 1961
- Denne artikkelen bygger på «Klas Lestander» frå Wikipedia på svensk, den 16. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Klas Lestander». olympedia.org. Henta 24. januar 2023.